Skyldfolket og Ættefolkets historie.

Fraa Storskogen: Eg røymde som ein brotsman fra by og bygd.

 
 
 
 
 
Kilde.
Norsk Folkeblad.
Lørdag 25 september 1897.
Nasjonalbilioteket.
 
 
 
FRÅÅ STORSKOGEN.
 
EG RØMDE SOM  EIN BROTSMAN FRAA BY OG BYGD OG GØYMDE MEG LANGT INN I AUDE SKOGEN MILLOM TRYSIL OG RENDALEN.
EG VAAGAR AT INGEN VEN ELDER KJENNING, FRAA "VERDI" KUNDE FINNA MEG HER UM DEI LETTE OG GROV I AAREVIS.
Bustaden min er ei lita tømmerkoje ved et tjønn, gjøymt og løynt millom laage fjeld og bleike myrar og svart drøymande skog.
Men eg er ikkje aleine ---- var eg det ---- maatte eg verta galen ----, her er umlag 30 mann til, spreidt rundt i liderne.
 
Um dagen gjeng eg inni skogen med blenkjeøksi og "daudemerkjer" store tre --- att og fram i aasrabbarna fraa nakne fjellsida til daude myrkanten i dalsøkken millom høgdedragi.
Hausthimlen heng tung og graa yver aasarne; og over Trysilfjeld og Sølen og Tron ligg blygraa hatter av skodd.
Det er stilt og audt i skogen no; ingen fuglesong tonar i liderne, ingen blom braglar med unge fargar millom tri.
Men ute paa dei store myrkjølarne skrik and og ljom, og fra aasarne rundt ikring høyrest dimme øksehogg --- som klunk paa store trollstemte strengjer.
Og stundom i myrkningi um kvelden kan det gaa eit tonedrag gjenom liderne, saart og klagande som var det sjølve naturi  som gret; ingen kan segja, kor det kjem ifraa, og ingen kan skilja tydelig, naar det døyr; det er som ei kjøvd sorg i ssjølve skogen fær magt og bryt upp ikkje travlt og med velde; men stilt og som innestengd graat.
Kanskje er det atterljomen av kauingi fraa ei sæter langt burte......
 
Eg gjeng som sagt med blenkjeøksi. Der skogen er gamal og stygg og halvturr, tykkjer eg det er moro ; daa slær ehg med hamaren, saa turkvisterne sprett, sprengjer meg innaat leggen (stamma) og høgg dei tvo m"arne paa uten tanke paa heiing; men naar eg raakar paa desse unge, havstore trei, som strekkjer grøne, mjuke kvister varande ut, som um dei bad for seg, daa er det med naudi eg kan kyfti øksi og gje dei daude - merkjet .
Gjer eg meg so hard og smyg innaat dei, daa legg dei kvistane so mjukt og so trygt um mig --- som truskylduge møiar, naar dei tek forføraren i armarne sine.
 
Men ein "barbar" lyt vendja seg av med  aa vera "sentimental".
Eg gjeng fraa tre til tre, lid up og lid ned, og ddi fleire eg faar daudemerkjet  paa, di gjillare er det, og etterpaa kjem hoggaren og flengjer ned kvart tre som er merkt; og liderne verdt grisnare og snaudare og myr og mo vidkar seg ut og breider seg, der det fyrr var fast skoglende.
 
Um kvelden samlast me i koja kring ein sprakande aare - eld. Og so reknar me ihop og legg saman og tel  etter kor mykje vinning  me hev av den teigen og av den teigen.
so kokar me kaffe og steikjer "monk" og et kveldmaal; men nar det er gjort, legg me oss attende paa briskarne og tek fram piporne, og so vert det godt og koslegt med røyk  og døs og svart kaffe utetter kvelden.
 
Snart glid pipa ur munnen paa den eine etter den andre, elden dulmar og døyr paa aaren, og heile den store hauststille natur søv.
 
Eg ligg stundom vaken og stirer up jenom ljorholet  i taket.
Store urolige skyer sviv um deruppe, gyllte av bleikt maanegull, og innimillom blinkar ørsma, dimme stjernor.
so kan ein lang vindbylgje koma susande gjenom skogen, og det veks gjenom dal og dæld nattbleik myr --- ein sus so veldig og forunderlig,, at det er, som alt maa fylgja med inn i nye nattstore heimar.
Og koia vert ein liten skrøpelig baat paa dette velduge ocean, og eg er den einaste som vaker....
So kan eg liggja og drøyma meg halvgalen, til eg vakna i ved at han Halvor elder han Tørris elder elder han Audne er uppe og rører paa elden; da kverv alle galne draumar burt att, og me fær oss ein liten logn drøs, med det sprakar og smell i det turre brenslet paa aaren.
 
So somnar me etterkvart i att, og vaker kanskje ikkje før paa morgonsida, naar den siste vedskia er utbrunni; daa ligg eg ofte  og hukrar og frys paa den harde brisken, der ein einaste tom striesekk er underdyne og -- ja, overdyna  er enda lettere, for i henne finst det korkje fyll elder for; ho er einast eit ynskje som spøkjer i heilen , naar det vert altfor kaldt.
 
No liggskoddi tung og graa yver alle fjeld, og nedgjenom den vaate lufti kjem drope etter drope pilande.
Framandfor mig ligg Blikku - tjønni graat  og audsligt millom bleike myrar, og midt i mot ligg Svartaasen, der den trolske granskogen  sukkar og syng forunderlig saart i regnblaasten.
 
 
S. M.
 
 
---
---
---
 

Kontakt

Rendalen Historie

redaksjon@rendalen-historie.com

2485 Rendalen

90638590

Søkested

Logg inn

© 2013 Alle rettigheter reservert.

Drevet av Rendalen Historie